24.09.2019

Hekla korger



Eg har hekla korger av båndgarn. Dei blei til underveis. Det var litt tungt med heklenål nr 7, men det var eit kjekt prosjekt.


Den eine er ca 24cm i diameter, og ca 16cm høg. Den andre er ca 20cm i diameter, og ca 14cm høg.

Dei kan vel brukast både til strikkekorg/hobbykorg, i gangen til småplagg som vottar, sjal osv, på badet til diverse ting og tang, og elles der dei trengs.

Takk for besøket :)

18.09.2019

Såpeposar


Eg har hekla nokre såpeposar. Dei er fine å ha til små gåver med ei god såpe inni.


Dei er gode å bruka i dusjen, og det er enkelt å få brukt opp heile såpa når den ligg inni posen. Posen har og ein skrubbeffekt.

Alle er hekla i diverse bomullsgarn.

Takk for at du stakk innom :)

07.09.2019

Rund retroveske med knapp



Hekling er gøy, og noko eg alltid kjem tilbake til.


Denne gongen blei det runde retrovesker med kule knappar.


Det er god plass til eit lite strikketøy, men kan jo brukast til litt av kvart.


Dei er hekla i cotton medi, og er ca 22cm i diameter.

Takk for besøket, og god helg :)