31.05.2019

Pannebånd


Det er alltid kjekt med litt småstrikk, og ekstra kjekt når ein får brukt opp litt restegarn.

 

Alle er strikka i Drops merino extra fine. Det er mjukt og godt og lunar godt over ørene.


Dei er i litt ulike lengder, og passar godt til småjenter.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

24.05.2019

Hekla huer


Det blei litt meir til småjenter.


Huene er hekla i Drops merino extra fine. Eg har hekla dei i stavar for å få dei litt vårlege, men dei er samtidig lune og gode.


Huene er i størrelse ca 1-2 år, og ca 2-3 år.


Dei er enkle å hekla, og oppskrifta finn du her.

Takk for besøket, og god helg :)

15.05.2019

Rilleskjørt


Eg har strikka nokre rilleskjørt til småjenter.


Dei passar til ca 2, 4 og 6 år.


Alle er strikka i diverse babyull på pinnar nr 3.


Dei er veldig enkle å strikka, og oppskrifta finn du her.

Ynskjer deg ei fin 17. maifeiring :)

04.05.2019

Strikkemapper med nålebrev


No har eg endeleg sydd litt igjen, og resultatet blei desse strikkemappene med hekla nålebrev.

DENNE ER SELD.
Mappene er fora, men har ikkje vatt mellom laga.


Og det er god plass til 6 nøster inni mappa. Dei er ca 20x25x10cm.


Hekla og eit nålebrev til kvar mappe. Dei er praktiske å ha til det aller mest nødvendige.

Eg sel kvar mappe med nålebrev for 280kr inkludert frakt.

Takk for besøket, og god helg :)