29.03.2019
Trekk til drikkeflaske
Eg har hekla nokre enkle trekk til drikkeflasker. Dei er hekla i bomullsgarn med heklenål nr 3,5.
Det eine er litt smalare enn det andre, og oppskrifta finn du
her
.
Takk for at du stakk innom, og god helg :)
22.03.2019
Kuvertbrikker til påske
Eg har strikka nokre påskebrikker. Dei er strikka i Linde bomullsgarn på pinnar nr 3,5. Kjekke å ha til små gåver, eller berre til seg sjølv.
Har du lyst å strikka slike, så har eg lagt ut oppskrifta
her
.
Takk for at du stakk innom, og god helg :)
11.03.2019
Gensar med bladmønster
Det blei ein gensar til meg sjølv igjen. Eg ville ha den litt lang, og er veldig fornøgd med det.
Det er bladmønster framme og på armane, og i-cord rundt halsen.
Eg har strikka den i Sandnes alpakka, og det er mi eiga oppskrift.
Takk for at du stakk innom :)
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)