23.11.2018

Sjal med kule striper


Dette sjalet er kome av pinnane. Det var så kjekt å strikka, at eg trur kanskje det blir fleire etter kvart i ulike fargar.


Sjalet kan brukast på ulike måtar, alt etter kor godt ein vil tulla seg inn. Det er strikka i to fargar som gjer at det blir fine og markerte striper.


Garnet eg har brukt er Drops flora, og det er strikka på pinnar nr 3. Oppskrifta finn du her.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

17.11.2018

Babytrøyer


Eg har strikka nokre fleire plagg som bestemorjenta har fått. Slike trøyer er jo så kjekke å strikka, og så kjekt å finna fine knappar som passar til.


Begge  er strikka i Drops babymerino, på pinnar nr 3.

Ser og at eg har fått ein ny følgar. Det er kjekt. Velkomen til deg :)

Takk for besøket, og god helg :)

10.11.2018

Bodyar



Eg har strikka ein del slike bodyar til bestemorjenta, og dei er populære plagg. På grunn av ribbestrikken formar dei seg godt etter kroppen, og held seg på plass. 



Dei er strikka i Drops babymerino på pinnar nr 3, og desse to er str ca 0-3, og ca 3-6 mnd. No har eg laga oppskrift til dei, og den er her.

Takk for besøket, og god helg :)

05.11.2018

Endå eit teppe


Det er så kjekt å strikka babytepper, og det er jo noko alle babyar treng. Dette har eg strikka i Lerke på pinnar nr 4, og det inneheld 52% merino og 48% bomull. 


Eg har og laga oppskrift, og den finn du her.

Takk for besøket :)