31.08.2018

Prematurbody/liten nyfødd


Eg strikkar framleis småstrikk, og slike bodyar er veldig praktiske plagg til dei minste.


Sidan dei er strikka i ribbestrikk er dei elastiske, og formar seg fint etter kroppen. Har og fått tilbakemelding at dei passar fint til liten nyfødd.


Dei er strikka i Drops babymerino på pinnar nr 3, og oppskrifta finn du her.

Takk for besøket, og god helg :)

18.08.2018

Prematurtrøye/liten nyfødd



Eg strikkar litt småplagg for tida, og det er jo alltid kjekt.


Og til dei minste er det kjekt å ha nokre plagg som ikkje er altfor store i starten.


Desse er strikka i Drops baby merino på pinnar nr 3.


Dei er enkle å strikka, og fine å ha på lur til små gåver.


Eg har og laga oppskrift, og den finn du her.

Takk for besøket, og god helg :)

03.08.2018

Gensar i bomull-lingarn



Eg har strikka meg ein gensar i Drops sitt bomull-lingarn. Oppskrifta blei til underveis, og heile gensaren er strikka på pinnar nr 4.


Sidan det er ein gensar som vil bli brukt mykje om sommaren, valde eg å strikka 3/4 armar. Det er eg veldig fornøgd med.


Strikka eit enkelt mønster nede, og litt av det i halsen.


Felde av med i-cord for å få ein litt stødig og fin hals.


På slutten av tørkeprosessen hadde eg den inni tørketrommelen. Det gjorde at den blei litt mjukare, og den er behageleg rett på kroppen. Den har allerede vore i bruk, og eg syns den blei både lun og luftig, og varmar akkurat passe.

Takk for at du stakk innom :)