27.04.2018

Meir hekling


Ein hekla garnbolle fyllt med fargerikt garn.


Men den kan sjølvsagt brukast til andre ting og.


Det blei tre stykk, og dei er hekla i eit kabelgarn som inneheld 40% ull, 40%acryl og 20% nylon. Og eg har brukt heklenål nr 5. 


Desse to er mindre, og passar godt til å halda orden på diverse småtteri. Kjekt at ting og tang får sin faste plass.


Tusen takk til deg som legg igjen kommentar. Dei blir sett stor pris på :) God helg.

21.04.2018

Skilpadde og Marihøne


Det er kjekt med litt hekledilla innimellom, og denne gongen er det desse to som ser dagens lys.


Dei er hekla i Tuva bomullsgarn, og alle detaljar er brodert på. Dei passar godt som mjuke og fine gåver/leikar til dei minste.


Har du lyst til å hekla dei, så finn du oppskrifta her på Strikkoteket.

Takk for besøket, og god helg :)

06.04.2018

Nancygensar



Eg har lenge tenkt at eg skulle strikka meg ei Nancykofte eller ein gensar. Og eg hadde noko garn i Inca alpakka som eg har spart på til det rette prosjektet.


Fann  ut at desse fargane kunne passa godt til dette mønsteret, og eg er fornøgd med resultatert. 


Den er strikka på pinnar nr 3, og det blei ein lett, men varm og god gensar.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)