Det er alltid kjekt med koselege påskeaktivitetar, og desse figurane kan brukast både som påskepynt og som leikar til barna. Det er ingen perler eller anna småtteri som kan vera farlege for dei. Alt er laga med garn, og augene er brodert på.
Eg har hekla dei i Tuva bomullsgarn, men dei kan gjerne heklast i det garnet ein sjølv vil.
Dersom du har lyst til å hekla dei, så finn du oppskrifta her på Strikkoteket.
Ynskjer deg ei fin og kreativ påske :)