17.02.2017

To halsar

Det er blitt to halsar i Peru blandingsgarn på pinnar nr 3.


Eg har brukt ca 50 gram i kvar, så det er eit fint prosjekt til enkeltnøster.


Mønsteret blei til underveis, og dei var i grunnen kjekke å strikka.


Takk for at du stakk innom, og god helg :) 



03.02.2017

Fleire huer/luer, og flott bok.

I jula fekk eg spørsmål om eg kunne strikka ei hue i bomull til ein som ikkje tåler ull.


Det gjorde eg, og no har eg strikka opp nokre fleire.



Dei er strikka i Tuva bomullsgarn som inneheld 50/50 bomull/ackryl. 


Så var eg så heldig at eg vann denne fine boka. Her er det mange flotte huer i ulike fasongar og teknikkar. Og huer til både barn, dame og herre. Gler meg til å ta den i bruk.

Tusen takk for boka til både Marion og Merete. Marion har både blogg og nettbutikk her. Boka vann eg på Merete sin blogg,  Monstermønster. Begge to er kreative damer som er vel verdt eit besøk.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)