Det er alltid kjekt å få gode råd og tips frå andre som bloggar.
Dette tipset fann eg på denne bloggen, og eg visste eg hadde to fleecegensarar i skapet som ikkje hadde vore i bruk på ei stund.
Dette er den med høg hals og glidelås. Eg klipte av halsen og glidelåset, og skråa den oppover frå der glidelåset starta.
Denne klipte eg berre opp framme, og sydde litt inn armane som var for vide. Eg er fornøgd med resultatet, og trur det blir gode slengepåsegjakkar som vil bli mykje meir brukt.
Ellers merkar eg at Tor er på veg. Håper det berre blir ein snarvisitt.
Takk for at du stakk innom, og god helg :)