Dette er faktisk den første Mariusgensaren eg har strikka.
Den er til dotter mi. Tok sjansen på å strikka den utan at ho visste det, og kjøpte fargar som eg visste ho likar.
Det var viktig å kjøpa eit garn som ikkje klør, så valget fall på Viking alpaca sport, som inneheld både alpaca og merino.
Heldigvis fall den i smak. Den passa akkurat, og den klør ikkje.
God helg, og velkomen til endå ein ny følgar :)