Eg hadde nokre nøster med Minialpaca som blei kjøpt ein gong utan mål og meining.
For å untnytta garnet best muleg så eg fekk nok til ein gensar, blei det striper.
Eg ville ikkje ha så brå overgang mellom stripene, så eg strikka ein omgong med ei maske av kvar farge, før ny stripe.
Det vart ein enkel gensar, men eg er fornøgd. Og den er så behageleg å gå med.
Velkomen til ny følgar, og god helg til deg som stikk innom :)