Dominostrikk er ein smart måte å strikka firkantar på.
Eg har strikka nokre handkle i teknikken. Tenkte først å strikka dei i mange små firkantar, men valde til slutt å strikka ei stor dominorute. Når eg hadde igjen 3 masker, strikka eg vidare hempe i ein teknikk som blir kalla hestetømmar.
Dette grå er strikka i Tuva bomullsgarn.
Dette lysblå, er økolokgisk plantefarga bomullsgarn frå Pickles.
Og sidan det snart er 17 mai, så blei det eit i flagget sine fargar. Det er og strikka i Tuva.
Takk for titten, og god helg :)