20.03.2015

Kofte i alpacagarn

Dette er det første store plagget eg har strikka i alpacagarn.


Eg har vore litt skeptisk til alpaca, for eg  har fått inntrykk av at ikkje alle er like begeistra for det. Eg blei positivt overraska, og syns det var eit godt garn å strikka av. Det er Drops sin alpaca, og eg har vaska den for hand slik det var anbefalt. Men eg lurer jo på om nokon har erfaring med maskinvask.


Den har allerede vore litt i bruk, og er blitt ein favoritt. Og enno held den seg like fin. Men eg veit jo ikkje korleis den held seg over lang tids bruk. Men det er det heilt sikkert mange som har erfaring med.


Eg har strikka den fram og tilbake, og det er mi eiga oppskrift.

Då tek eg ein tidleg bloggpåskeferie. Tusen takk for alle fine kommentarar som de skriv. Dei blir sett stor pris på. 

Ynskjer deg ei fin påske :)



11.03.2015

Litt småstrikk

Her går det framleis i sokkestrikking.
Men til litt mindre føter enn dei eg strikka sist.

Valde å strikka lange bråt, så dei kan varma godt oppover leggane.

Litt forskjelleg mønster på dei, ellers er dei like.

Dei er strikka i  Ida og Senja sokkegarn. Og foten er ca 13 cm. 

Takk for at du stakk innom, og ha ein fin kveld :)