Eg hadde fire nøster i eit garn som heiter Mitu. Det er 50/50, ull/alpakka.
Det fekk eg to tubehalsar av.
Dei kan jo og brukast som vanleg hals.
Det var eit veldig godt garn å strikka av, og halsane blei mjuke og gode.
Og det er vel enno bruk for slike halsar ei god stund framover.
Etter at eg la ut innlegget, har eg fått spørsmål om kva oppskrift eg har brukt. Gløymde å skriva at det er mi eiga oppskrift. Her er den:
Legg opp 90 m på p. nr. 5
På begge to startar du med 1 omg vr - 1 omg r - 1 omg vr - 1 omg r
Tubehals med spiralmønster: strikk 3 r og 2 vr. Så må ein forskyva mønsteret med 1 m på kvar omg. slik at ein får spiralmønsteret. Strikk den så lang du vil, og avslutt slik du starta.
Tubehals med holrader: strikk 2 r sm - k, ut omg. Strikk 1 omg r. Strikk dei 4 første omg mellom kvar holrad. Strikk den så lang du vil, og avslutt slik du starta.
Vask dei ferdige halsane, og strekk dei i lengderetninga.
Håper det var forståeleg.
Oppskrifta er til privat bruk.
Takk for besøket :)