25.03.2014

Strikketøypose

Her er det fortsatt posar som blir sydd. Denne gongen sydde eg ein litt stor som kan passa til strikketøypose.
Slik den står no er det 12 garnnøster oppi, og fortsatt plass til litt til.

Posen er ca 33x35 cm. Det føl og med eit etui til strikkepinnar og anna ting og tang. Og eit nålebrev. Og alt er fora.
Den er og veldig praktisk å ha med seg ute når ein strikkar. 

Her er det sol frå skyfri himmel idag. Herlegt, men kaldt i lufta. Men kjenner at våren er på veg. Håper på mange slike dagar framover.

Takk for besøket :)


13.03.2014

Litt gjenbruk

Dei er så kjekke å sy desse posane, så eg har nok fått litt dilla. Og så kan dei brukast til alt muleg. Denne gongen har eg brukt einsfarga stoff, og pynta dei med diverse gjenbruk.

Eg hadde nokre gamle broderte putar, og klipte ut det broderiet som framleis kunne brukast.

Det brukte eg på desse to posane.

Diverse heklebrikker som eg hekla for lenge sidan, har eg litt av.

Det blei pynt på desse to. Og alle er fora, men det gløymde eg å ta bilete av. Dei er ca 23x25 cm.

Velkomen til fleire nye som føl bloggen min. Det er kjekt og blir sett stor pris på.

Takk for besøket :)

05.03.2014

Meir strikk til Leger uten grenser

Då har eg strikka nokre fleire huer til Leger uten grenser.

Dette er koseleg strikk.

Og ein veit at dei kjem til nytte.

Det kan du lesa meir om her

Ha ein fin kveld :)