Eg har lenge tenkt å prøva å strikka firkanttøfler, og no har eg endeleg gjort det.
Fine å strikka når ein treng eit enkelt strikketøy.
I alle fall heilt til ein skal sy dei saman. Eg strevde litt der, før eg forsto gangen i det.
Eg har tova dei ekstra godt, så dei er både tjukke og stødige.
Dei vart kanskje vel spreke i fargane, men det var dei eg hadde akkurat no.
Takk for besøket :)