Eg startar det nye året med å visa noko som eg strikka til jula 2011. Bedre seint enn aldri får eg sei.
Dette settet strikka eg då til bestemorguten. Buksa er ein blanding av to oppskrifter, men gensaren er mi eiga oppskrift. Eg brukte eit garn som heiter Alpa.
Her sit han med gensaren på seg, og eit resteteppe for bestemor.
Kragen kunne nok vore strikka litt lenger, for den vil bretta seg litt opp bak. Ellers så var det eit greit sett, og han hadde litt å veksa i.
Men bestemorguten bur langt vekke, og veks raskare enn bestemor anar.
Så denne vesten som eg strikka no til jul til han, var akkurat passe.
Den er strikka i Smartgarn.
På skuldrane passa eg på å strikka berre ein omgang på den siste stripa på fram-og bakstykke, slik at den tredje omgangen blei til når eg maska saman til slutt.
Ynskjer deg eit kreativt år :)