Denne gongen har eg sydd mapper til diverse nettbrett. Eg har det ikkje sjølv, så eg kan derfor ikkje visa dei med noko inni.
Det var kjekt å ta ut stoff til desse mappene.
Og desse to stoffa med fugl på, syns eg var så fine.
Her er ei koseleg marihøne, som kanskje ser litt trist ut.
Og her er ei for den fargeglade.
Alle har glidelås, er fora, og har vatt mellom laga.
Dei blir etter kvart lagt ut både
her og
her, med nærare beskrivelse av kva dei passar til.
God helg, og velkomen til fleire nye følgarar i det siste. Det er så kjekt , og blir sett stor pris på :)