Så er eg tilbake til sying igjen.
Denne gongen vart det tre trekantvesker i ulike storleikar.
Desse kan passa bra til oppbevaring av muffinsformer, og blir ein fin fargeklatt på kjøkkenet.
Dette er den største, og denne sydde eg eit nålebrev til. Den er praktisk til diverse små handarbeid.
Og så hadde eg dette fine stoffet som eg syns passa godt til ei strikkemappe med tilbehør.
Det er god plass i den, og praktisk å ha med seg på tur/ferie.
Takk for at du stakk innom. Ynskjer deg ei fin pinsehelg :)