30.03.2012

Enkel påskestrikk

Litt enkel påskestrikk kan vera kjekt å ha, og blir ein fin fargeklatt på kjøkkenet.

Tjukke og tette gryteklutar strikka med dobbelt garn.

Eg har brukt Tuva bomullsgarn, og la opp 30 masker på pinne nr 4. Strikka rett fram og tilbake til eg syns den var stor nok. Felte av og hekla ei hempe med 15 luftmasker, før eg klipte av tråden.


Ynskjer alle ei fin påske :)

22.03.2012

Strikkemappe med tilbehør

Denne gongen har eg sydd strikkemappe med tilbehør i voksduk. 

Fin og praktisk å ha med seg ut når ein strikkar.

 Framme.

Bak.

Og ein kraftig glidelås. Alle er fora, og det er vatt mellom laga.

I etuiet får du plass til diverse nødvendige ting og tang.

Og inni nålebrevet kan du ha både nåler, maskemarkørar, og o.l.

Denne strikkemappa har eg lagt ut på Pipler. Ein ny og spennande nettstad der ein kan selja produkt som ein har laga. Det er allerede mange flotte butikkar der :)  Ta gjerne ein titt.

17.03.2012

Resteteppe

Her i bloggland er det alltid mange fine tepper som blir laga.

Men det som går igjen, er at det som regel blir veldig mange endar å festa. Og alle er vel enige om at det  ikkje er så kjekt.
På dette teppet treng ein ikkje å festa ein einaste ende, dersom ein passar på  å ha nok garn til ein omgang.

For å sleppa det, så blir det frynser på kantane istadenfor. Så ein startar omgangen eit stykke innpå tråden med tanke på frynsa, og avsluttar omg. med å klippa av garnet til ei frynse.  Så knyt du dei saman. Eg har knytt saman to og to trådar. I dette teppet har eg kun brukt restegarn, og diverse opprekksgarn. Sjølv etter vask, har ikkje opprekksgarnet retta seg ut.

Oppskrifta er enkel: Du heklar fastmasker med ei luftmaske mellom. Kanskje eit fint påskeprosjekt :)

Så kjekt at du stakk innom. God helg :)

11.03.2012

Gjenbruk av duk

Eg hadde ein gamal duk med rustflekkar som eg ikkje fekk av. Syns likevel den var for fin til å kasta, fordi den hadde så nydeleg broderi.

Fann ut at eg måtte prøva å laga noko av den, og resultatet vart desse.

Broderietui/mappe med eit nålebrev til kvart.

Kan og sjølvsagt brukast til anna ting og tang.

Det var nok litt tilfeldig kvar brodeiet kom, på grunn av rustflekkane.

Denne vart lavare og breidare enn dei andre.

Passar godt til å ha brodeigarn i, og eventuelt eit lite broderi.

Eller eit lite hekleprosjekt.

Her er alle nålebreva, og korleis dei ser ut inni.

Og til slutt vart det to små etui av resten. 

Nokre av desse blir nok lagt ut i  hobbybutikken min etter kvart.

Ha ein fin søndag :)



03.03.2012

Snart påske

Påska nærmar seg, og eg fekk lyst til å laga litt påsketing. 

Her har eg hekla to påskesett, klut og glasbrikker i påskefargar. 

Kluten kan og brukast som ei lita påskebrikke.

Begge setta blit lagt ut på Epla etter kvart.

Her er det kaldt, men det ser ut til å bli ein fin dag.

God helg :)