27.02.2012

Trekning

Endeleg er eg tilbake etter ei heil veke utan internett! Men no er nytt modem på plass, og alt ser ut til å fungera som det skal. Jippi :))

Trekninga som skulle vera her i går, kjem no, og alt har gått rett føre seg.
Førstepremien går til Ragnhild Rønning med bloggen Naturlig rosa. Ho vinn nålebrev og klut.
Andrepremien går til Kjersti M med bloggen mikkje. Ho vinn korthaldar og klut.
Send meg adressene, så kjem premiane i posten. Takk til alle som var med, og takk for koselege kommentarar :)

No må eg inn i bloggland og sjå på alt det fine de har laga den siste veka :)

19.02.2012

Fleire strikketøymapper med tilbehør

Denne gongen vart det to svarte strikketøymapper med tilbehør.

Den eine pynta eg med litt blonde.

Ytterstoffet er dongeri/gjenbruk, stødig og godt. Dei kan vel og brukast som stor toalettmappe. Og eit nålebrev kan vel vera lurt å ha der og.

Prøvde meg med ein annleis hank denne gongen.

Slik ser baksida ut.

Vil du vera med på lottetriet mitt her på bloggen, finn du det i innlegget under.

Ha ein fin søndag :)

11.02.2012

Vil du vera med så heng på

Hei alle bloggvener :)

No har eg blogga i 3 år, og det er min tur til å gje noko tilbake. Det har vore tre fantastisk kjekke år, og det er alle dykk i bloggverda som fortjener ein takk for det :) 

Den første som blir trekt ut, får eit nålebrev, og ein av dei hekla klutane mine.

Inni nålebrevet har eg strikka ein lapp i bomullsgarn til å festa nåler, maskemarkørar osv. Det blir lukka med ein trykknapp. Det tek liten plass, og kan brukast både i handarbeidsmappa/posen, og i håndveska.

Den andre premien, er ein korthaldar av kartong, med to rom. Det blir ein klut her og.

Alle som legg igjen ein kommentar på dette innlegget er med.
Trekning blir søndag 26. februar.

God helg og morsdag :)

05.02.2012

Fleire nålebrev og strikkemappe.

Å laga slike nålebrev kan lett bli ei dille.

Og kombinasjonen mellom sying, strikking og brodering, gjer at det blir eit avvekslande arbeid.

Det er eit fint prosjekt til å få brukt stoffrestar, og broderigarn.

Elles kan ein pynta med diverse ting og tang som ein har.

Så hadde eg akkurat nok stoff igjen til to slike.

Inni er det plass til både nåler, maskemarkørar, sikkerhetsnåler og ellers det du treng.

Eg likte så godt dette stoffet til strikkemappe, så då eg såg at eg hadde eg  nok igjen til ei til med tilbehør, så vart det slik. Det meste av dette blir nok lagt ut i hobbybutikken min etter kvart.

Ha ein flott søndag :)