Her går det framleis i sying av diverse ting og tang. Nokon av stoffa er nye, noko er restar, og noko er gjenbruk. Desse posane har eg sydd på ein litt anna måte enn dei eg har laga før. Du finn ein smart framgongsmåte i Timotei sin blogg.
Denne posen er sydd av gjenbruksstoff. Foret er av 100% lin, og har levd sitt tidlegare liv som bukse. Stoffet utanpå, har vore ein bluse.
Denne er sydd av ein dongerirest, og fora med eit av stoffa som eg vann hos Bentes Quiltehage.
Nydeleg for, som eg syns passa godt til dette stoffet.
Her er eit litt lysare dongeristoff, og her vart det ei remse med same stoff utanpå.
Og likt for inni.
Dette stoffet likar eg så godt, så det kjøper eg kanskje meir av.
Og her har eg brukt eit anna av stoffa som eg vann i Bentes Quiltehage, så no har eg snart ikkje meir igjen av dei.
Nokon av desse tinga blir lagt ut på Epla etter kvart.
God helg, og tusen takk for alle kjekke kommentarar :)