For å halda teen varm på tekanna, har eg ganske enkelt strikka eit tekanneskjerf i ull. Brukte to ulike fargar, så det vart ein melert effekt. Knappane er gjenbruk.
La opp eit passeleg antal masker, og strikka to rett, og to vrang. Hugs at det trekkjer seg litt saman, så legg gjerne opp nokre ekstra masker så det blir breitt nok. Strikk og inn så mange knapphol som du vil ha.
Strikka inn eit passeleg hol til tuten. Prøv det på undeveis, for å sjå kor langt du treng det.
God helg alle saman :)