Denne gensaren har allerede varma dotter mi Svanhild, det meste av vinteren. Det er ein enkel gensar å strikka, men det var slik ho ville ha den. Den er strikka i Oda frå Europris. Det er eit rimeleg garn med 50% ull, og 50% akryl, men det er veldig mjukt og godt.
Ho ville ha armane litt lange.
Brotet ville ho ha litt stramt, så ho kan dra det lenger opp utan at det sig ned.
Halsen ville ho ha litt vid ut på skuldrane.
Oppskrifta har eg berre skreve ned i stikkordsform, så her er ei cirkaoppskrift for den som måtte ynskja det:
Den er strikka på pinne nr. 6, og eg brukte litt tynnare pinnar til brota. Og det er ca. str. SMALL.
Bolen:
Legg opp 112 m.
Strikk brot 1 r - 1 vr.
Auk til 132 m.
Str bolen så lang du ynskjer den.
Del arbeidet, og str armhol så lange du vil ha dei.
Eg strikka halsen berre litt utringa framme.
For at halsen skulle bli litt vid, maska eg saman berre 15 m på kvar skulder.
Str eit lite brot i halsen til slutt.
Armar:
Legg opp 36 m.
Str brot 1 r - 1 vr.
Auk 4 m etter brotet.
Auk 2 m kvar fjerde omg. til armen er like vid som armhola.
Fell av, og sy på armane.
Og vips, så var gensaren ferdig :)
God helg, og takk for alle koselege kommentarar :)