Først vil eg takka for alle hyggelege gratulasjonar på bursdagen min :) Dette er vel den mest overraskande og originale bursdagsgåve eg har fått, og med det nye designet som ho teikna, er det vel ikkje tvil om at det er ein handarbeidsblogg! Berre ikkje sauen spring fortare enn strikkepinnane greier å følgja :)
Så har eg strikka to barnevestar. Oppskrifta har eg laga sjølv, og dei er strikka i Tiur dalegarn og Silja på pinne nr. 3,5. Trur den passar frå ca. 8 mnd. og oppover. Den nederste fekk bestemorguten når han var ca. 8 mnd, og då har han litt å veksa i.
God helg til alle som er innom :)