Det har vore lite blogging med meg i det siste, men her kjem endeleg eit nytt innlegg. Dette er eit PC-trekk som eg har hekla, og som etter kvart blir lagt ut på Epla.

Det er hekla i Tuva bomullsgarn med dobbel tråd, og mønsteret er det same som på klutane mine: Ei luftmaske mellom kvar fastmaske, og heklnål nr. 4.

Trekket passar til ein 10" PC.

Har sydd i tre store trykknappar, så det skal vera ei solid lukking.

Hekla ein liten innerlomme, der ein kan ha ein minnepinne, eller diverse andre datadippeduttar! Den er hekla med enkel tråd, og er ca. 11x16 cm.

Ellers er det klutar som er sommarhandarbeidet mitt. Dei blir gjort heilt ferdige litt etter kvart framover.