Når det vårast er det kjekt å ta fram litt bomullsgarn igjen. Hadde tenkt å strikka klutar, men fann ut at eg ville prøva å hekla dei i staden. Hadde i tankane då eg starta at dei ikkje måtte bli for faste og tette. Dette er Tuva bomullsgarn, og når eg strikkar klutar av det, så brukar eg pinne nr. 4. Derfor fann eg fram heklenål nr. 4.
Oppskrifta vart enkel. Det er fastmasker med ei luftmaske mellom kvar fastmaske.
Her er ein prøveklut som eg hekla først. Måtte testa den i bruk, og då oppdaga eg at når den vart våt, så opna alle hola seg som er mellom fastmaskene. Dermed vart kluten ekstra luftig, og tørkar litt raskare opp etter bruk.
Her er den same kluten etter at den er blitt vaska på 60 grader, og hatt seg ein tur i tørketrommelen.
Ynskjer alle ei fin pinsehelg :)