No har eg og kjøpt meg merker til å sy på det eg lagar, og jammen er det kjekt å ha. Det var på Sefta holm design sin blogg eg fann adressa, og den er her.
Har sydd nokon posar som eg kallar ting og tang posar. Dei kan brukast til oppbevaring av diverse ting og tang, eller brukast som gåveposar. Heklebrikkene hadde eg frå før. Posane er i ulik storleik, og er enkle å dra opp og igjen. Dei blir etter kvart lagt ut på Epla.