Har strikka to babyhuer. Gjekk ut frå ei oppskrift, men det vart litt forandringar. I oppskrifta var det dusk, skygge og silkeband, men det vart litt i meste laget, syntest eg! I staden så hekla eg nokon snurringar i toppen. Dersom du lurer på korleis det er gjort, så får du forklaringa her: Hekle ei rad med luftmasker, snu og hekle to fm i kvar lm. Og vips, så blir det slike snurrar! :)

Ha ei riktig god helg alle som er innom bloggen min :)