Dette er sjal som eg har spunne garn til sjølv. Dei ligg på spinnebloggen min, men fekk lyst til å visa dei i denne bloggen. Her er det fleire som er innom, og eg håper at eg kan vera til litt inspirasjon, slik at fleire får lyst til å prøva seg på spinning. Det er såå kjekt, og det er så mykje flott fiber å spinna av :) Det er jo så mange som strikkar diverse sjal rundt om på bloggane, og alle er så fine. Derfor trur eg det er mange som veit kva desse sjala heiter. Dette er Ishbel.
Dette er Ulmus.
Her er Shetland triangle.
Her er Multnomah.
Og her er endå eit Ishbel sjal. Dersom de vil sjå meir av sjala, og kva fiber eg har brukt osv., så finn de det i spinnebloggen min. Det er link til den øverst i bloggen min.