Vi brukte
40 hylleblomster
1,5 sitron
1,7 l vatn
1 pk sitronsyre
1,6 kg sukker
Rens blomsten, vask sitronen og del den i skiver. Ha alt i plastbolle, og hell vatn over. La stå kjøleg i 2,5 dg. Sil av, og kok opp safta med 1,6 kg sukker, og ha i 1 pose sitronsyre. Smak til, og skum av. Vi laga både saft og gele, og det vart 1,2 l saft og 1 l gele. I safta rørde vi ut litt atamon, og i geleen tilsette vi certo. Det vart god smak på både saft og gele, så dette prøver vi gjerne igjen.

Sjå kor vakker hylleblomsten er :)

Her ligg hylleblomst, sitron og vatn og godgjer seg.

Og her er safta og geleen ferdig.
