10.01.2016

Små strikkenett


Eg er så heldig at eg har fått ny symaskin i gåve. Ei Janome.


Den har eg no prøvd litt, og eg trur det er ei maskin som eg vil bli veldig fornøgd med.


Eg har sydd nokre små nett, ca 25x25cm, som kan brukast til litt av kvart, men eg har valt å kalla dei strikkenett.



Det er akkurat plass til tre nøster på høgkant, og viss ein tek ut tråden i mitten av nøstet,  held dei seg godt på plass medan ein strikkar.


Dei er kun fora, utan vatt mellom, så dei tek liten plass i ei eventuell større veske. Ein kan og ha nettet på armen medan ein strikkar.


Desse var kjekke å sy medan eg lærer meg å bruka den nye maskina. Trur kanskje det blir fleire.

Takk for at du stakk innom :)





6 kommentarer:

Greta Buhagen sa...

Gratulerer med ny symaskin. Flotte strikkenett dette. Overhode ikkje dumt å ha. Du får sikkert solgt mange slike

Berit sa...

Gøy med ny symaskin, gratulerer!
Kjempefine strikkenett, midt i blinken til garn og pinner :)

Ruths datter sa...

Så fint nett da. Koselig med sånt en kan lage selv. Selv syr jeg ikke. Ikke god på det nei.
Klem

Mr. Blue sa...

Stilig nett. :)

Barwitzki sa...

Gratulere deg til ny symaskin. Veldig fin og viktig med gode arbeid materiale.
Veldig flotte vesker ha du sydd. Fantastiske stoffe. Kos deg... med sy arbeider og god symaskin fortsatt. Hilsen sender deg Viola.

Timotei sa...

Kjempefine strikkenett du har sydd!