24.09.2010

Småplukk


Innimellom er det kjekt å laga diverse småting som ikkje krev så mykje hodebry. Desse vart laga på eit par kveldar , med litt restegarn.


Det første her er hekla med same mønster og garn som på klutane og PC-trekka: Ei lm mellom kvar fm. Det er hekla med dobbel tråd.


Dette blå og kvite er hakka. Her og er det bomullsgarn, men enkel tråd.


Så kom eg ikkje unna Islendermønsteret. Måtte berre prøva det på dette og! :)


Til slutt ein kombinasjon mellom pjoning og hekling. Eg har aldri pjona før, men eg visste at det gjekk ut på å laga kjedemasker, og så blir mønsteret til ved enten å pjona i fremste eller bakerste maskeledd. Kjedemasker blir jo brukt i hekling. Ein brukar kjm for å avslutta ein omgang når ein heklar rundt, og ein brukar kjm for å koma seg til eit anna punkt i heklinga. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å berre pjona dette, for å prøva teknikken. Men det vart så spennande å prøva å kombinera begge teknikkane, så dermed vart det slik. Eg starta med eit brot med pjoning, deretter pjona eg nokre omg. i fremste maskeledd. Så hekla eg ei rad fm, to rader st i begge fargar, og ei rad fm igjen. Så avslutta eg slik eg starta, først med pjoning i fremste maskeledd, og deretter eit brot i pjoning (I bakre maskeledd). Synest det gjekk godt an å kombinera desse to teknikkane.

Ynskjer alle ei fin helg, og takk for alle koselege kommentarar :)

14 kommentarer:

Stubbetufsa sa...

Klart det går an å bruke flere teknikker hvis man vil. Det ble mange søte koppvarmere!

Greta sa...

Stilig. Er så mykje ein kan lage på forskjellige måter berre ein er kreativ nok. Stilig. Ha ei flott helg

Elins Strikkeri sa...

Tøffe koppevarmere, artig at du har brukt ulike teknikker!! Super måte å få brukt restegarn på:))

bodil sa...

Hei.Dem var kjempe fine.Kjempe fine teknikker.Kjekt å få bruke opp restgarn.Ønsker deg en riktig fin helg.Klem fra Bodil.

Petrine sa...

Heisann Bodil ! Så fine glasdekor eller heiter det glasdekør i fleirtal ? hihi Artig at du pjonar. Spennande å bruke fleire teknikkar. Kerstin Jønsson har laga ei skikkelig bra bok om denne teknikken. "Smygmask virkning" Kjøpte den på Museumshåndverkerne. (http://www.museumshandverkerne.no/) Der kjøpte eg forøvring pjonekroken i si tid også og div. anna utstyr.

Ønsker deg ei riktig fin helg.

*Petrine*

KariL sa...

Så kjekt å se hva du holder på med. Artig å se et produkt i flere teknikker. Du er flink som kan alt dette og vil dele med oss.
Ha en god helg!

Ulla-Bella sa...

Dette var fine koppeholdere du har laget:)

Kjersti m sa...

Stilig og originalt. Morsomt med islender - mønster her også :o)

Vibekes lille grønne sa...

Så morsomme disse var - og praktiske ikke minst! Ønsker deg en fin uke! :)

Hege sa...

Skikkelig søte små,som varmer godt.Gøy å prøve nye måter og fine mønstrer:) Ha en fin uke:)

Solveig sa...

Gøy at du har prøvd deg på pjoning - og med et flott resultat.

dorthe sa...

Ja her var det mange teknikker. Veldig greit å lage slike småting og veldig anvendelig. Kjempefin ble det:) Ha en riktig fin kveld.

Sonja sa...

Så mye fint du lager. Artig å prøve ut forskjellige teknikker.
Den islenderen var kjempefin.
Flott at du deler oppskrifter med oss.
Ha en fin dag.

Husmora sa...

Så artig! Jeg har noen kopper uten hank som er litt varme og holde i, så kanskje jeg skal prøve meg på slike. :-)
Ha en flott helg! :-))