11.03.12

Gjenbruk av duk

Eg hadde ein gamal duk med rustflekkar som eg ikkje fekk av. Syns likevel den var for fin til å kasta, fordi den hadde så nydeleg broderi.

Fann ut at eg måtte prøva å laga noko av den, og resultatet vart desse.

Broderietui/mappe med eit nålebrev til kvart.

Kan og sjølvsagt brukast til anna ting og tang.

Det var nok litt tilfeldig kvar brodeiet kom, på grunn av rustflekkane.

Denne vart lavare og breidare enn dei andre.

Passar godt til å ha brodeigarn i, og eventuelt eit lite broderi.

Eller eit lite hekleprosjekt.

Her er alle nålebreva, og korleis dei ser ut inni.

Og til slutt vart det to små etui av resten. 

Nokre av desse blir nok lagt ut i  hobbybutikken min etter kvart.

Ha ein fin søndag :)



03.03.12

Snart påske

Påska nærmar seg, og eg fekk lyst til å laga litt påsketing. 

Her har eg hekla to påskesett, klut og glasbrikker i påskefargar. 

Kluten kan og brukast som ei lita påskebrikke.

Begge setta blit lagt ut på Epla etter kvart.

Her er det kaldt, men det ser ut til å bli ein fin dag.

God helg :)

27.02.12

Trekning

Endeleg er eg tilbake etter ei heil veke utan internett! Men no er nytt modem på plass, og alt ser ut til å fungera som det skal. Jippi :))

Trekninga som skulle vera her i går, kjem no, og alt har gått rett føre seg.
Førstepremien går til Ragnhild Rønning med bloggen Naturlig rosa. Ho vinn nålebrev og klut.
Andrepremien går til Kjersti M med bloggen mikkje. Ho vinn korthaldar og klut.
Send meg adressene, så kjem premiane i posten. Takk til alle som var med, og takk for koselege kommentarar :)

No må eg inn i bloggland og sjå på alt det fine de har laga den siste veka :)