28.02.2020

Strikka skuldervesker


Det er kjekt å laga ulike alternativ til plastposen, og her har eg strikka nokre enkle skuldervesker.


Dei kan brukast til det meste, og slik ser dei ut når dei er fyllt opp med garnnøster.


Dei er strikka i Linde ren bomull, og er ca 55x30cm.

God helg, og takk for at du stakk innom :)



21.02.2020

Hekla veske



Bestemorruter er alltid populært, og her har eg hekla ei veske med ein litt anna versjon ruter. Snora er tredd i slik at ein kan ha den over skuldra, eller dra den slik at det blir to hankar. Ein kan og ta opp knuten og korta den inn etter som det passar.


Slik er den sett frå sida.


Og slik er den bak, som og kan brukast som framside.

Den er hekla i Ren bomull, og Cotton medi, og er ca 13x11cm, pluss ca 6cm breid bunn og sider.

God helg, og takk for at du stakk innom :)


15.02.2020

Hjarteteppe



Alle babyar treng tepper, og det er både kjekt å strikka og å gje bort.


Dette teppet blei fullt av hjarter, og eg har strikka det i Babymerino på pinnar nr 3.

No er og oppskrifta klar, og du finn den her.

God helg, og takk til deg som tittar innom :)