Snack-pack heiter dei, men eg hadde lyst til å ha eit ord på norsk.
Dermed blei det energiposar, fordi dei skal fyllast med energimat.
Eg har brukt voksduk både som for og ytterstoff. Så blir dei klissete, er det berre å tørka av med ein våt klut.
Eg har laga mitt eige mønster på dei.
Dei er fine å ha med seg på tur, i sekken, i veska, på jobb, på skulen, i barnehagen, i lommen, ja overalt.
Og dei blir lukka med borrelås.
God helg, og takk for at du tok deg tid til å sjå innom :)