26.02.2011

Barnevest



Først vil eg takka for alle hyggelege gratulasjonar på bursdagen min :) Dette er vel den mest overraskande og originale bursdagsgåve eg har fått, og med det nye designet som ho teikna, er det vel ikkje tvil om at det er ein handarbeidsblogg! Berre ikkje sauen spring fortare enn strikkepinnane greier å følgja :) 

Så har eg strikka to barnevestar. Oppskrifta har eg laga sjølv, og dei er strikka i Tiur dalegarn og Silja på pinne nr. 3,5. Trur den passar frå ca. 8 mnd. og oppover. Den nederste fekk bestemorguten når han var ca. 8 mnd, og då  har han litt å veksa i. 

Den øverste blir lagt ut på Epla i løpet av helga.

God helg til alle som er innom :)

22.02.2011

Gratulerer med dagen!

Heiheihei bloggfolks! Svanhild speaking, dottera til Bodil.

Gratulerer så mykje med dagen din, Mamma!
Du er verdens beste (om ein ser vekk frå mas om å hjelpe til med bloggen. Heheheee). Eg hadde mine tvil om at eg skulle bli ferdig med årets bursdagsgåve til deg, men det ser ut som om eg klarte å komme i mål! Har pønska på dette lenge, og har no gjort ein skikkelig heftig innspurt dagen før dagen. Håper du får ein fin bursdag, og at du har laga deg ei god kake! Skulle gjerne sagt at det var trist eg ikkje får vere heime på bursdagen din sidan eg ikkje bur heime lenger, men som vi begge veit, klarer eg alltid uansett å reise vekk på vinterferie på dagen din.

Gratulerer med nytt design på bloggen din, håper du er nøgd med det (etter mykje slit og strev frå mi side)! Gla i deg. Stor klem frå Svanhild :)



(Dersom du ser dette før du fer på jobb, ikkje prøv å kontakte meg på nokon måte, eg har fri og vil sove til 11).

16.02.2011

Hekling igjen


Når eg først er i heklemodus, tek det visst ei stund før det går over.


Som de ser, så er det blitt endå ei pute. Ei lang denne gongen, og som slett ikkje var lett å ta bilete av!
Eg har brukt same mønster som på gryteklutane under, og hekla den rundt. Den er derfor lik på begge sider.

Takk for mange koselege kommentarar på gryteklutane i forrige innlegg :) Forstår det er mange som mimrar tilbake, og kan hugsa slike gryteklutar frå barndomen :)