28.03.2009

Restegarnteppe

Her er eit teppe som eg strikka for ei tid tilbake. Det må vera den enklaste måten å strikka restegarnteppe på. Ein strikkar rettstrikk heile tida. For at det skal bli frynser i eine enden på teppet, startar du litt inne på tråden, og når du har strikka tilbake, klipper du av tråden like lang som den du starta med. Dermed blir det ingen endar å festa når du er ferdig. Ideelt som tv-strikk:)

Hexagon teppe

Det såg så kjekt ut å hekla dette teppet, så no er eg og i gong med eit. Det vert nok eit langtidsprosjekt, men det er jo ein super måte å bruka opp restetråd. Trudde faktisk ikkje eg skulle koma så langt med dei blå restane som eg hadde.

22.03.2009

Bolero

Har funne ut ein enkel måte å laga bolero. Eg lagar to rektangel. Antal masker må tilpassast den som skal ha den, både i lengde og breidde. Når dei er ferdige, syr eg dei saman i ryggen og under armane. For å få ei fin passform, så må ein prøva seg fram kor langt opp ein skal sy. På det eine bilete kan ein sjå korleis dei blir i ryggen. Som de ser, så har eg prøvd meg i ulike teknikkar: strikking, hekling, hakking(den svarte) og påfuglmønster. Har brukt ulike garnsortar: alpakka, diverse bomullsgarn og bambusgarn. Er det nokon som har lyst å laga slike, er det berre å setja i gong. Lukke til:)