14.05.2018

Hekla nett


Eg har hekla nokre nett som sikkert kan brukast til litt av kvart.


Ser det er populært med hekla fruktnett, og det er jo ein god ide.


Kan sikkert og brukast til å ha småplagg i på reise, eller til eit lite strikkeprosjekt.


Dei er hekla i diverse bomullsgarn som passar til heklenål nr 3,5. 

Takk til deg som stikk innom, og velkomen til ny følgar :)

07.05.2018

Trekk til tekannesett


Dette tekannesettet fekk eg for nokre år tilbake. Det er i flittig bruk, og eg likar det så godt.



For at teen skal halda seg varm litt lenger, hekla eg trekk til det. Det blei nokre fleire enn eg trong sjølv, så desse er lagt ut på Epla.



Alle er hekla i Østlandsgarn med heklenål nr 3,5.




Takk for at du stakk innom :)