22.12.2018

15.12.2018

Stort teppe


Det er populært med store tepper i tjukt garn for tida. No er det ikkje så veldig tjukt garn i dette, men på grunn av strukturen så kan det sjå slik ut. 


Det er strikka i eit blandingsgarn av 40% alpakka, 30% ull og 30% acryl. Eg har brukt dobbel tråd, og strikka det på pinnar nr 5. Det veg ca 900g, og målet på teppet er ca 140x110cm.

Vinnar av gje-borten blei dama bak den kreative bloggen Ruths datter. Eg har sendt deg ein mail, så ta kontakt, så får du pakke i posten.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

14.12.2018

Luke 14-24


Det nærmar seg jul, og eg har slått saman dei siste lukene.

I dag har eg dette sjalet som berre enkelt kan snurrast rundt halsen, og det passar både til mann og dame. Fint som gåve, eller berre til deg sjølv. Inneheld 70% ull, og 30% nylon. Mål ca 35cm framme, og ca 170cm rundt halsen.

Prisen er 140kr, pluss 48kr i frakt. Førpris er 190kr pluss frakt.

Prisen gjeld kun i dag.

Betaling med vipps/bank.

Og så avsluttar eg med ein liten gje-bort.


Det er dette nålebrevet.


Her er det god plass til dei nålene som trengs, og dei held seg godt på plass.

Legg igjen ein kommentar viss du har lyst å delta. Det blir allerede avgjort i løpet av morgondagen kven som vinn.

Ha ein fin dag :)

13.12.2018

Luke 13


Praktiske skoposar som er smarte å ha med på tur. Dei kan sjølvsagt og brukast til strikkepose og anna ting og tang. Dei er fora og er ca 24x34cm.

Prisen er 90kr, pluss 38kr i frakt for ein pose. Førpris er 150kr pluss frakt.

Prisen gjeld kun i dag.

Betaling med vipps/bank.

Ha ein fin dag :)

12.12.2018

Luke 12


I dag er det serviettringar i julefargar. Det er 6 stk i pakken.


Prisen er 80kr for 6stk, pluss 24kr i frakt. Førpris er 150kr pluss frakt.

Prisen gjeld kun i dag.

Betaling med vipps/bank.

Ha ein fin dag :)


11.12.2018

Luke 11



Praktiske små strikkenett med plass til tre nøster på høgkant. Tek ein ut tråden i mitten av nøstet, held dei seg godt på plass medan ein strikkar. Ein kan og ha nettet på armen medan ein strikkar. Dei er fora, og tek liten plass i ei veske. Kan sjølvsagt og brukast til anna ting og tang. Mål ca 25x25cm, og hanken er ca 40cm.


Prisen er 90kr, pluss 38kr i porto for eit nett. Føpris 150kr pluss frakt.


Prisen gjeld kun i dag.

Betaling med vipps eller bank.

Ha ein fin dag :)

10.12.2018

Luke 10


To putar i ein, med ulik farge på kvar side. Den er laga i hakking, og det er lukking med tre knappar. Mål ca 32x32cm. Innerpute føl ikkje med.


Prisen er 200kr pluss 48 kr i frakt. Førpris 350kr pluss frakt.

Prisen gjeld kun i dag.

Betaling med vipps eller nettbank.

Ha ein fin dag :)

09.12.2018

Luke 9


Praktiske toalettvesker/handarbeidsmapper. Kan og brukast til anna ting og tang. Sett med to stykk. For dei strikkeglade, er det god plass til 3 nøster oppi den største. Den minste er då fin til diverse tilbehør. Den store er ca 16x22x9,5cm. Den minste er ca 16x5x12cm. Dei er fora, og har vatt mellom laga.

Prisen er 180kr, pluss 48kr i frakt. Førpris 240kr pluss frakt.

Betaling med vipps eller bank.

Ha ein fin dag :)

08.12.2018

Luke 8



Praktisk og fin skål hekla i kabelgarn. Garnet inneheld 40% ull, 40% acryl og 20% nylon. Passar godt til å halda orden på badet, kjøkkenet, hobbyrommet, eller der den trengs mest. Kan vaskast på ullprogram. Høgde ca 9cm. Diameter ca 13cm.

Prisen er 80kr, pluss 48kr i frakt. Førpris 130kr pluss frakt.

Prisen gjeld kun i dag.

Betaling med vipps eller bank.

Ha ein fin dag :)

07.12.2018

Luke 7


Nostalgiske nålebrev/etui med broderi og strikka lapp inni til nåler. Smarte å ha med på tur, i strikkeposen, og i broderimappa. Nålene ligg trygt, og det tek liten plass. Fint som veninne/vertinnegåve til den kreative.


Pris for eitt nålebrev er 90kr, pluss 24kr i frakt. Førpris er 150kr pluss frakt.

Prisen gjeld kun i dag.

Betaling med vipps eller bank.

Ha ein fin dag :)

06.12.2018

Luke 6


Hekla glasbrikker i julefargar, eller fargar som kan brukast heile året.


Pris for 6 stk 90kr, pluss 24kr i frakt. Førpris 150kr pluss frakt.



Prisen gjeld kun i dag.

Betaling med vipps eller nettbank.

Ha ein fin dag :)

05.12.2018

Luke 5


I dag er det strikketøyposar med etui og nålebrev. Det er god plass til 8 garnnøster inni posen. Alt er fora, og etuiet og nålebrevet har vatt mellom laga. Mål strikkepose: ca 27x31cm. Mål etui: ca 16x11cm. Mål nålebrev: ca 7x9cm.


Pris for ein strikkepose med tilbehør, 200kr pluss 48 kr i frakt. Førpris 290kr pluss frakt.


Betaling med vipps eller nettbank.

Ha ein fin dag :)

04.12.2018

Luke 4




Gode, varme og tova sitjeunderlag til barn i 100% ull.  Mål: ca 28x26cm.


Pris for eit underlag, 120kr pluss 48kr i frakt. Førpris 180kr pluss frakt.


Prisen gjeld kun i dag.

Betaling med vipps eller nettbank.

Ha ein fin dag :)

03.12.2018

Luke 3


I dag kan du gjer eit kupp på desse to. Stoffet er svart, og dei er pynta med kroklisser. Dei er og fora, og har vatt mellom laga. Mål: ca 21x13cm.


Pris for ei sminkeveske/clutch er 110kr pluss 24 kr i frakt. Førpris 180kr pluss frakt.

Prisen gjeld kun i dag.

Betaling med vipps eller nettbank.

Ha ein fin dag :)


02.12.2018

Luke 2


I dag kan du gjer eit kupp på desse 4 isskrapevottane til herre.


Ein isskrapevott med isskrape til 130kr, pluss 48kr i frakt. Førpris 200kr pluss frakt.


Denne prisen gjeld kun i dag, eller så langt det rekk i løpet av dagen.


Betaling med vipps eller nettbank.

Ynskjer deg ein fin adventsdag :)

01.12.2018

Luke 1


No i adventstida vil eg ha gode prisar på ein del produkt framover. Eg startar med desse fruktnetta. Eit lite og eit stort nett til 130kr, pluss 24kr i porto. Førpris 115kr for det store, og 85kr for det små. Praktiske og luftige til oppbevaring av diverse i kjøleskap eller matbod. Som løk, tomat, poteter osv. Men kan sjølvsagt brukast til litt av kvart. 


Det store er ca 20cm høgt, og veg ca 14g. Det små er ca 15cm høgt, og veg ca 9g.


Slik ser dei ut utan noko inni, og dei er strikka i 12/4 bomullsgarn. 

Prisen gjeld kun i dag, eller så langt det rekk i løpet av dagen med dei eg har.

Betaling med vipps eller nettbank. 

Ynskjer deg ei fin adventstid :)



23.11.2018

Sjal med kule striper


Dette sjalet er kome av pinnane. Det var så kjekt å strikka, at eg trur kanskje det blir fleire etter kvart i ulike fargar.


Sjalet kan brukast på ulike måtar, alt etter kor godt ein vil tulla seg inn. Det er strikka i to fargar som gjer at det blir fine og markerte striper.


Garnet eg har brukt er Drops flora, og det er strikka på pinnar nr 3. Oppskrifta finn du her.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

17.11.2018

Babytrøyer


Eg har strikka nokre fleire plagg som bestemorjenta har fått. Slike trøyer er jo så kjekke å strikka, og så kjekt å finna fine knappar som passar til.


Begge  er strikka i Drops babymerino, på pinnar nr 3.

Ser og at eg har fått ein ny følgar. Det er kjekt. Velkomen til deg :)

Takk for besøket, og god helg :)

10.11.2018

Bodyar



Eg har strikka ein del slike bodyar til bestemorjenta, og dei er populære plagg. På grunn av ribbestrikken formar dei seg godt etter kroppen, og held seg på plass. 



Dei er strikka i Drops babymerino på pinnar nr 3, og desse to er str ca 0-3, og ca 3-6 mnd. No har eg laga oppskrift til dei, og den er her.

Takk for besøket, og god helg :)

05.11.2018

Endå eit teppe


Det er så kjekt å strikka babytepper, og det er jo noko alle babyar treng. Dette har eg strikka i Lerke på pinnar nr 4, og det inneheld 52% merino og 48% bomull. 


Eg har og laga oppskrift, og den finn du her.

Takk for besøket :)

27.10.2018

Barnekjole med hjarter


Eg har strikka nokre barnekjolar med hjartemønster.


Denne er til bestemorjenta :) Kanskje den passar til jul. 


Dei er strikka i Drops babymerino, og eg har pynta dei med fine knappar. Eg har og laga oppskrift, og den finn du her.

Takk for besøket, og god helg :)