22.01.2017

Enkle huer/luer

Det er blitt nokre enkle huer i Drops Alaska på pinnar nr 5.


 Sidan dei er så elastiske, vil eg tru at desse er one size til barn, frå ca 6 år og oppover.


Desse passar til herre. Begge str kan brukast både med og utan oppbrett. Utan oppbrett er dei litt baggy.

Huene er prøvd av levande modellar, og ifølgje dei så passa dei fint.

Ynskjer deg ein fin søndag :)

07.01.2017

Nytt bloggår.

Det ligg eit nytt bloggår framfor oss. Takk til alle rause strikke/hekle/sy/kreative damer som deler inspirasjon og kreativitet på bloggane sine. Og takk for rause og fine kommentarar :) 


Det blei ein Marius til bestemorguten til jul. La opp til str 4 år, og strikka lengde til 6-8 år. Den er strikka i Falck på pinnar 3 og 3,5.


Hos Snella og Petronella fann eg denne kule knappen som eg sydde på. 


Så har eg strikka eit skjerf i patentstrikk. Det er strikka i Karisma på pinnar nr 4.


Ynskjer deg eit kreativt og nytt bloggår :)