27.03.2017

Påskeantrekk til Zaloflaska.

Ja, no er påskeantrekket til Zaloflaska i boks. Eg har hekla slike før, men ikkje i påskefargar. Syns den blir eit litt bedre blikkfang med eit trekk. Og så er det kjekt å hekla slike småting.


Det er hekla i bomullsgarn, og er enkelt å ta på og av.

No tek eg ein litt tidleg påskeferie her på bloggen, og ynskjer deg som er innom ei god påske :)




08.03.2017

Hakking, og jammen vann eg igjen.

Så er eg tilbake til hakking igjen. Det er ein teknikk som eg aldri blir lei av.


Denne gongen blei det eit nett/skulderveske.


Det har ulike fargar på kvar side, og hanken er så lang at ein kan ha den på  skulderen.


Inni er det to lommar til ting og tang, og det er hakka i Tuva bomullsgarn.


Så var eg så heldig at eg vann enno ein gong. Denne gongen var det hos Anette som har denne kreative bloggen. Ta deg gjerne ein tur innom og sjå alt det fine ho lagar.
Eg vann denne store og gode kluten strikka i patentstrikk, og det som ligg oppå kluten er på mystisk vis borte vekk. Tusen takk Anita, for pakke med både kos og nytte :)

Og takk til deg som stakk innom :)

17.02.2017

To halsar

Det er blitt to halsar i Peru blandingsgarn på pinnar nr 3.


Eg har brukt ca 50 gram i kvar, så det er eit fint prosjekt til enkeltnøster.


Mønsteret blei til underveis, og dei var i grunnen kjekke å strikka.


Takk for at du stakk innom, og god helg :) 



03.02.2017

Fleire huer/luer, og flott bok.

I jula fekk eg spørsmål om eg kunne strikka ei hue i bomull til ein som ikkje tåler ull.


Det gjorde eg, og no har eg strikka opp nokre fleire.



Dei er strikka i Tuva bomullsgarn som inneheld 50/50 bomull/ackryl. 


Så var eg så heldig at eg vann denne fine boka. Her er det mange flotte huer i ulike fasongar og teknikkar. Og huer til både barn, dame og herre. Gler meg til å ta den i bruk.

Tusen takk for boka til både Marion og Merete. Marion har både blogg og nettbutikk her. Boka vann eg på Merete sin blogg,  Monstermønster. Begge to er kreative damer som er vel verdt eit besøk.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

22.01.2017

Enkle huer/luer

Det er blitt nokre enkle huer i Drops Alaska på pinnar nr 5.


 Sidan dei er så elastiske, vil eg tru at desse er one size til barn, frå ca 6 år og oppover.


Desse passar til herre. Begge str kan brukast både med og utan oppbrett. Utan oppbrett er dei litt baggy.

Huene er prøvd av levande modellar, og ifølgje dei så passa dei fint.

Ynskjer deg ein fin søndag :)

07.01.2017

Nytt bloggår.

Det ligg eit nytt bloggår framfor oss. Takk til alle rause strikke/hekle/sy/kreative damer som deler inspirasjon og kreativitet på bloggane sine. Og takk for rause og fine kommentarar :) 


Det blei ein Marius til bestemorguten til jul. La opp til str 4 år, og strikka lengde til 6-8 år. Den er strikka i Falck på pinnar 3 og 3,5.


Hos Snella og Petronella fann eg denne kule knappen som eg sydde på. 


Så har eg strikka eit skjerf i patentstrikk. Det er strikka i Karisma på pinnar nr 4.


Ynskjer deg eit kreativt og nytt bloggår :)