29.01.2016

Redesign

Det er alltid kjekt å få gode råd og tips frå andre som bloggar. 


Dette tipset fann eg på denne bloggen, og eg visste eg hadde to fleecegensarar i skapet som ikkje hadde vore i bruk på ei stund.


Dette er den med høg hals og glidelås. Eg klipte av halsen og glidelåset, og skråa den oppover frå der glidelåset starta.


Denne klipte eg berre opp framme, og sydde litt inn armane som var for vide. Eg er fornøgd med resultatet, og trur det blir gode slengepåsegjakkar som vil bli mykje meir brukt.

Ellers merkar eg at Tor er på veg. Håper  det berre blir ein snarvisitt. 

Takk for at du stakk innom, og god helg :)




22.01.2016

Store strikketøyposar

Det har blitt litt meir sying, og i desse posane er det god plass til store strikketøy.


Dei er ca 40x41cm, og alle er fora. 


Inni posane her er det 15 nøster. Og det er enno plass til nokre fleire.


 Men dei er jo og praktiske å bruka til anna  ting og tang.


Takk for at du stakk innom, og god helg :)





10.01.2016

Små strikkenett


Eg er så heldig at eg har fått ny symaskin i gåve. Ei Janome.


Den har eg no prøvd litt, og eg trur det er ei maskin som eg vil bli veldig fornøgd med.


Eg har sydd nokre små nett, ca 25x25cm, som kan brukast til litt av kvart, men eg har valt å kalla dei strikkenett.



Det er akkurat plass til tre nøster på høgkant, og viss ein tek ut tråden i mitten av nøstet,  held dei seg godt på plass medan ein strikkar.


Dei er kun fora, utan vatt mellom, så dei tek liten plass i ei eventuell større veske. Ein kan og ha nettet på armen medan ein strikkar.


Desse var kjekke å sy medan eg lærer meg å bruka den nye maskina. Trur kanskje det blir fleire.

Takk for at du stakk innom :)