21.12.2016

GOD JUL



Ynskjer alle ei god jul, og eit fredfullt nytt år.

30.11.2016

Oppskrift på pannebånd

Eg har fått spørsmål om eg har oppskrift på pannebånda i forrige innlegg. Har skrive ned ei ca.oppskrift på dei to første, og skal prøva å forklara korleis eg har gjort det. 


Garn: Lima, pinnar nr 4. på begge to.
Oppsrift på det raude: 
Legg opp 26 (30) m. (To ulike breidder)
Str ca 52 omg 1r - 1vr.
Legg opp 26 (30) m ein gong til, og strikk ei lengde til som er lik.
Del arbeidet, str ca 5 omg, og str vidare forkorta rader slik: 4-4-5 (5-5-5). Gjenta dette på alle delane.
Sy dei to endane på den eine delen saman med maskesting.
Dra den eine enden på den andre delen gjennom holet som no er blitt på den første. 
Sy dei to endane og saman med maskesting.
Sy saman bak.
Det kan sjå litt rotete ut med det same du er ferdig, men med litt ordning og fiksing så legg det seg bra til slutt.
No veit eg ikkje om det som eg såg på Pinterest var laga slik, men dette er slik eg fann ut at det kunne gjerast.




Oppskrift på det grøne og grå:
På dette kan ein variera kor lange/korte ein vil ha endane som går over kvarandre. I oppskrifta har eg laga to alternativ.
Legg opp 26 (30) m.
Str 40 (50) omg 1r - 1vr.
Del arbeidet, og str 40 (20) omg på kvar del.
Legg den eine delen over den andre, og ta alt inn på ein pinne.
Str 40 (50) omg.
Sy saman bak.

Kos deg, og spør gjerne dersom det er noko du lurer på :)



24.11.2016

Pannebånd

Dotter mi sende meg nokre bilder av pannebånd som ho hadde funne på Pinterest, og lurde på om eg kunne strikka eit av dei til henne.  


Dette første var jo enkelt.


Men på dette blei det litt meir prøving og feiling før eg var fornøgd. Og det var helst eit slikt ho ville ha.


Eg sende eit til henne, og fekk ein glad telefon tilbake. Det blei akkurat slik ho hadde tenkt, og det passa akkurat. Og det var jo kjekt.


Fann med det same ut at eg ville friska opp igjen halvpatent og vanleg patent. Tenkte det ville passa fint til pannebånd. Ser at det ser veldig likt ut når dei blir strekt ut, men det raude er halvpatent.


Og det grå er vanleg patent. Alle er strikka i Lima på pinnar nr 4. 

Så kjekt at du stakk innom :)

11.11.2016

Rundt golvteppe

Eg hadde eit litt tjukt kabelgarn som eg grubla på kva eg kunne laga av.


Det inneheld 40% ull, 40% acryl, og 20% nylon. Eg kom fram til at sidan det er både ull og nylon i det,  kunne det kanskje egna seg til golvteppe. Då skulle det bli både slitesterkt og lunt.


Det skulle strikkast på pinnar nr 7, men for å få det litt tett, så brukte eg heklenål nr 5. 


Dette teppet fekk ein litt frisk fargekombinasjon, men eg syns likevel at det fungerte.


Eg har enno litt meir garn igjen, så det blir kanskje nokre fleire tepper.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)



24.09.2016

Mariusgensar

Eine sonen hadde lyst på ein Mariusgensar.


Han valde fargane sjølv.


Egentleg skulle det vera tre fargar, med då eg fekk garnet, såg vi at den fargen som skulle vera oppi halsen ikkje passa så godt. Slik blir det av og til når ein kjøper garn på nett. Garnet er Karisma.


Men det blei jo fint med to fargar og. Og han som skal ha den er fornøgd.

Takk for besøket, og god helg :)


27.08.2016

Bestemorteppet er ferdig.

Dette har vore eit koseleg arbeid, og eg er veldig fornøgd med teppet.



Det er sett saman av diagonale striper i dei ulike fargane.


Teppet veg ca 850 gram, og er ca 90x170 cm. Så det blei eit lett og godt teppe.


Prøvde først å hekla ein kant rundt der eg brukte alle fargane, men syns ikkje det passa. Så det blei ein enkel kant. 

Eg syns det var eit godt garn å bruka til teppe. Her kan du lesa meir om det.

Tusen takk for fine kommentarar på forrige innlegg :) Dei blir sett stor pris på.

Takk for besøket, og god helg :)

12.08.2016

Bedre seint enn aldri

For ei stund sidan var eg med på ein koftekonkurranse i regi av bladet Familien.


Då eg såg konkurransen, hadde eg allerede ei kofte som eg hadde strikka. Den hadde då leie eit års tid inne i eit skap.


Eg strikka den fordi eg hadde ein ide til ei kofte, og så hadde eg  kjøpt noko Ask Hifa 2 som eg hadde lyst til å prøva.


Ideen min var og at eg skulle strikka den med rundfelling. Det hadde eg ikkje gjort før utan mønster.


Det blei ein del grubling fram og tilbake, for eg var veldig usikker på om den var bra nok til å delta med.


Den kom ut av skapet, og eg blei med utan så store forhåpningar. Derfor var eg veldig fornøgd då eg kom til finalen. 

Her kan du sjå dei tre flotte koftene som vann.

Takk for besøket, og god helg :) 


29.07.2016

Bestemorteppe

No er det lenge sidan eg har hekla bestemorruter, og jammen var det kjekt.


Grubla ei stund på korleis eg ville ha teppet, og trur eg er fornøgd med det eg kom fram til.


Inntil no har eg festa alle endar etter kvart. Håper eg fortset med det.


Eg brukar eit garn som eg har. Det er Peru blandingsgarn, og inneheld 40% alpakka, 30% ull og 30% acryl. 50 gram er 150 meter. Så då regnar eg med at det blir eit teppe som ikkje blir så tungt. Det er Europris som har garnet.  ( Dette er ikkje sponsing.)

Då heklar eg vidare på teppet.

God helg, og takk for at du stakk innom :)


21.06.2016

Faerytale

Eg hadde nokre nøster i garnet Faerytale, som er 100% alpakka.


Dei er no blitt til denne gensaren. Og den er såå herleg og mjuk å ha på seg.


Strikka ein litt annleis hals, med holrad og ei strikka snor. Den kan knytast viss ein vil.


Og ein kan ha halsen så vid/tett som ein ynskjer.


Den er ikkje vaska enno, men eg håper garnet held seg like fint etter vask. Og eg tør vel ikkje anna enn handvask på dette garnet.


Det er mi eiga oppskrift, og eg har brukt pinnar nr 4, og 4,5, og den veg  164 gram.

Takk for besøket :)



03.05.2016

17.maisløyfer

Då har eg hekla nokre fleire 17.maisløyfer, for dei eg hadde forsvant ut.


Dei er hekla i Tuva bomullsgarn. Syns det er eit godt og stødig garn å hekla av.

Takk for at du stakk innom :)








15.04.2016

Mariusputar

Då har to Mariusputar kome av pinnane.


Eg har strikka dei i Senja/Ida strømpegarn med dobbel tråd, på pinnar nr 5.


Valde å bruka berre to fargar, og dei passar til innerpute ca 40x40cm.


Takk for at du stakk innom, og god helg :)

01.04.2016

Enkle pannebånd

Det blei litt meir restegarnstrikking, og det er jo gøy å sjå at små restar kan bli eit brukandes produkt.


Denne gongen blei det nokre enkle pannebånd.


Dei er strikka i Alpakka, på pinnar nr 3,5.




Strikka ribb bak i nakken, og riller på resten. Trur det blei ei ok passform.



Takk for at du stakk innom, og god helg :)


04.03.2016

Gult er kult til påske

Viking sportsragg er eit godt garn å strikka sokkar av. 


Eg hadde nokre gule nøster, så då blei det gule påskesokkar/ankelsokkar.


Dei er gode å ha på seg. 


Og dei er såpass tjukke at dei kan fungera som tøfler.


Dei er strikka på pinnar 3,5.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

18.02.2016

Mariushals/buff

Her går det fortsatt i restegarnstrikking.


Og her valde eg å bruka Mariusmønster.


Denne er strikka i eit sokkegarn som heiter Viking sportsragg, som er mjukt og godt.


Og denne er strikka i Viking alpakka sport. Dei er strikka på pinnar 3,5 og 4.

Takk for alle fine kommentarar :)  Dei blir sett stor pris på.