21.08.2015

Tova tøfler

No når sommaren endeleg er her, passar det vel litt dårleg å visa fram tova tøfler.


Men det var det eg hadde no, så får ein berre håpa at det er lenge til ein får bruk for dei.



Dei er strikka i Rauma 3-tråds, og garnet tovar godt.


Det er mi eiga oppskrift, men den er så enkel at eg strikkar dei som ein vanleg sokk på tjukke pinnar.


Og bråtet strikkar eg fram og tilbake i rillestrikk.

Takk for besøket, og god helg :)

14.08.2015

Litt smågodt

Perlehuset i Oslo har lagt ned den fysiske butikken sin. Blant anna så selde dei ut masse knappar. Og eg kjøpte ein god haug. Her er eit lite utval:






Det er knappar i alle fargar og fasongar, og eg er veldig fornøgd med det eg fekk. Det blir nok litt sortering etter kvart, så eg får bedre oversikt.  No var eg og litt knappelaus, så det var kjekt å få fleire. 

Ser eg har fått ein ny følgar. Det er alltid kjekt, og velkomen til deg :)

Takk for at stakk innom, og god helg :) 




01.08.2015

Tusenbeinteppe

I år fekk bestemorguten ein sommarpakke hos bestemor. Innhaldet passar vel best om vinteren, men eit koseteppe er vel og kjekt å ha heile året.


Eg ville strikka det i dominostrikk, og fann  fram det eg hadde av superwashgarn som passa til pinnar nr 4. Tenkte at med superwashgarn tåler det røff behandling og mykje vask. Prøvde å laga litt system med fargane, så langt som det gjekk an.


Og eg sette saman rutene slik at det blei zikk-zakkkant rundt.


Til kanten måtte eg kjøpa garn, og eg hekla ein kant med masse små "bein". Derfor fekk teppet namnet Tusenbeinteppet, og det fall i smak. 


Det var og kjekt å få namnet sitt på teppet. Det broderte eg langs mitten av teppet, der eg hadde strikka dominoruter i vekselsvis gult og grønt.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)