24.04.2015

Dominostrikk

Dominostrikk er ein smart måte å strikka firkantar på.


Eg har strikka nokre handkle i teknikken.  Tenkte først å strikka dei i mange små firkantar, men valde til slutt å strikka ei stor dominorute. Når eg hadde igjen 3 masker, strikka eg vidare hempe i ein  teknikk som blir kalla hestetømmar.


Dette grå er strikka i Tuva bomullsgarn.


Dette lysblå, er økolokgisk plantefarga bomullsgarn frå Pickles.


Og sidan det snart er 17 mai, så blei det eit i flagget sine fargar. Det er og strikka i Tuva.


Hekla ein kant med krepsmasker rundt alle.

Takk for titten, og god helg :)

12.04.2015

Meir småstrikk

Først vil eg  takka for gode råd og fine kommentarar på forrige innlegg. Her i bloggland er det alltid nokon som har svar på ting ein lurer på. Det er så kjekt.

.
Ellers er det framleis  sokkestrikking.

Det går i enkle mønster og striper, og litt holmønster. 


Og det er fortsatt Senjagarn, og Ida strømpegarn eg brukar. 

Takk for at du stakk innom :)