19.01.2014

Nytt bråt

Eg fekk spørsmål om eg kunne fiksa bråtet på ein gensar. Ynskjet var eit stramare bråt.
Tenkte då at eg kunne visa korleis eg brukar å gjera det. Først dreg eg fram ei maske i første omgongen etter bråtet, og  klipper den av.

Så  brukar eg ein strikkepinn og maskar av heile bråtet. Her må ein dra ut ei og ei maske.


Så tek eg maskene inn på ein rundpinne, og strikkar ein omgong rett samtidig som eg feller eit visst antal masker. Strikkar så bråtet.


Her er bråtet ferdig, og ein ser godt at det er veldig ujamt på grunn av opprekksgarnet. Det kan ordnast med ein vask, og at ein strekkjer bråtet i våt tilstand.
Det skulle ikkje meir fiksing til før gensaren blei brukt meir.

Ha det bra, og takk for at du stakk innom :)


4 kommentarer:

Ingunn sa...

Jeg har slik sansen for at klær blir gjort brukbare igjen. Fint at du viser framgangsmåten!

Ha en fortsatt fin søndag!

Klem fra Ingunn

Siddis back home sa...

Så smart å få ordnet det slik at den kunne ble brukt videre… ha en flott søndagskveld!

Sylke sa...

Takk for beskrivelsen, dette ser jo veldig kjekt ut :)

Svalen sa...

Så smart! Mange takk for at du deler:)