24.01.2014

Små firkanttøfler

Dette var eit fint restegarnprosjekt.

Dei blå har bestemorguten allerede fått, og dei passa akkurat, og var gode og varme.

Eg har tova dei kraftig, så dei er tjukke og stødige.

Og eg syns det blir ein veldig god fasong på dei.

Takk for titten, og god helg :)

19.01.2014

Nytt bråt

Eg fekk spørsmål om eg kunne fiksa bråtet på ein gensar. Ynskjet var eit stramare bråt.
Tenkte då at eg kunne visa korleis eg brukar å gjera det. Først dreg eg fram ei maske i første omgongen etter bråtet, og  klipper den av.

Så  brukar eg ein strikkepinn og maskar av heile bråtet. Her må ein dra ut ei og ei maske.


Så tek eg maskene inn på ein rundpinne, og strikkar ein omgong rett samtidig som eg feller eit visst antal masker. Strikkar så bråtet.


Her er bråtet ferdig, og ein ser godt at det er veldig ujamt på grunn av opprekksgarnet. Det kan ordnast med ein vask, og at ein strekkjer bråtet i våt tilstand.
Det skulle ikkje meir fiksing til før gensaren blei brukt meir.

Ha det bra, og takk for at du stakk innom :)


12.01.2014

Strikkajakke

Eg hadde nokon nøster med Smartgarn som eg ville bruka opp.

Etter ein del fundering,  blei dei til denne strikkajakken til bestemorguten. Kom på at eg hadde eit merke med bokstaven hans, så det blei sydd på.

Eg fann store gjenbruksknappar, og strikka stolpane litt breide.

Den er strikka fram og tilbake, og stolpane er strikka for seg, og sydd på. Jakken blei til underveis, og  den er forlengst ferdig og tatt i bruk.

Ynskjer deg ein fin søndag :)