11.12.2013

Hakka nåleputar

Eg hadde lyst å prøva  å laga litt mønster med vanleg hakking.
Og for at det skulle bli noko som var både nyttig og lite, blei det nåleputar.

Det var kjekt, men litt tidkrevande.

Og det skal ikkje så mykje garn til. 

Litt pynt med ein gjenbruksknapp i mitten, og ei hekla hempe viss ein vil henga den opp.


Ynskjer alle ei god førjulstid :)







05.12.2013

Dreamz rundpinnesett

Tenk eg har vore så heldig å vinna dette eksklusive rundpinnesettet frå KnitPro. Det var ei super førjulsgåve, som heilt sikkert vil bli mykje brukt.

Det inneheld 8 par utskiftbare strikkepinnar frå 3,5 til 8mm. Og dei ligg i eit nydeleg plysjbelagt skrin.

Og det er med 4 vaiere, 8 stoppere, 4 nøkler, og eit sett maskemarkører.

Og skrinet låg nedi denne nydelege eska.

Og her ser vi at det fins berre 2000 slike sett, og eg var den heldige som vann eitt av dei :) 
Settet vann eg på den kreative bloggen til Strikkespinn. Ho har og nettbutikk.

Tusen takk for gåva. Eg gler meg til å ta dei i bruk, og som namnet seier, er det heilt sikkert som ein draum å strikka med dei :)