27.04.2013

Jentepuls til 17.mai

Det kan ofte vera kaldt på 17.mai.
Og ein kan  ha god bruk for ull den dagen.

Desse er strikka med to trådar babyull i nasjonalfargar.

Eller meir nøytrale for dei som vil ha det.

I forrige innlegg brukte eg ein teknikk som heiter hakking, og eg fekk forespørsel om å visa det. For å gjera det enkelt for meg sjølv, så legg eg ut nokre linkar som viser ulike måtar. Her på Drops sine sider er det ein video som viser den grunnleggande teknikken.
Og her i bloggen til Solveig, har ho link til meir avanserte teknikkar innan hakking. Det blir og kalla tunisisk hekling.
Håper mange prøver det. Lukke til og god helg :)

20.04.2013

Pynteting

Litt pynteting kan vera greit å ha no når det vårast, og 17.mai er like om hjørnet.
Desse sløyfene har eg hakka, og med ein kant krepsemasker rundt blei dei stødige, og held godt på fasongen. Monterte strikk på dei.

Desse er litt mindre, og fekk klemmer på. Alle er hakka med likt antal masker, men det er tjukkelsen på garnet som gjer at dei blir ulike. 

Dei kan nok og brukast som tversoversløyfer, men då med eit litt anna opplegg bak. Det er ikkje heilt klart enno.

Takk for besøket, og god helg :)

13.04.2013

Hekla serviettringar

Det er alltid kjekt å ta fram bomullsgarnet når (ein trur) vinteren er over.
Denne gongen vart det serviettringar til 17.mai. Flagget vårt har fine fargar, og det er kjekt å bruka dei.
Eg hadde ikkje så fancy serviettar å visa dei med, men det får gå.

Enkle å laga, med berre fastmasker og krepsemasker.

God helg, og takk for at du stakk innom :)

06.04.2013

Lappeteppe og premie

No er lappeteppet ferdig. Greit teppe å strikka, når ein treng noko enkelt.

Eg er fornøgd med at eg strikka to ulike lappar. Det gav meir liv til teppet. 
Eg har kun brukt restegarn, så det er nok ikkje alle fargar som passar så godt saman. Men eit godt koseteppe er det likevel.

Kanten rundt er to omgangar med stavar, og ein omgang krepsemasker.

Så var eg så heldig  at eg vann  denne flotte premien hos Pludrehanne. Tusen takk Hanne. Det skal bli kjekt å bruka den.

Takk for besøket, og god helg :)